Du Fu

Du Fu (712–770) var ein kinesisk diktar og embetsmann som av mange blir rekna som den største kinesiske poeten gjennom tidene. Du Fu var ein nær ven av Li Bai, men i motsetnad til venen, som sokna til taoismen, var poesien til Du Fu djupt grunnfesta i verdisynet til konfutsianismen.

Du Fu skreiv fengslande om familielivet og sosiale dygder. Han skildrar òg på levande vis det sosiale elendet, korrupsjonen og maktmisbruken som kom til å setje sitt preg på Tang-dynastiet med utbrotet av An Lushan-oppreisten i 755, og har på den måten vore viktig for ettertida som sosialhistorikar. Han var ein meister i dei kinesiske diktformene, og nådde høgst i måten han nytta dei metriske verkemidla som var særmerkte for såkalla «regelrette vers» (lü-chi), ei verseform på åtte liner med fem eller sju stavingar i kvar line, inkludert eit enderim. Til saman har kring 1500 dikt og nokre prosastykke skrive av Du Fu overlevd for ettertida. Les meir …